Utstillingar

Granvin bygdemuseum syner døme på byggeskikk i eldre tider. Her finn ein utstillingar om spelemannen Anders Kjerland, bunadsklede og ei skulestove.

Nyleg er eit skulemuseum, Gamle Folkedal skule, sett i stand i tilknyting til tunet. Skulestova er innreia med skulemateriell frå ulike tider.

I Løfalstova finn ein preime- og spelsamlinga etter meisterspelemannen Anders Kjerland.

Flere bilder

  • Skulestova
  • Preimesamlinga etter felespelar Anders Kjerland
  • Stove