Samlingar

Bygdatunet i Granvin representerar i dag ei rik og mangfaldig museumssamling med fleire bygningar med gode og brannsikre magasin.

Her finn ein mellom anna ei omfattande museumssamling med mange gjenstandar samla inn lokalt, ei rik samling bringklutar og ikkje minst den kjende samlinga om botanikaren Johan Havaas.

I 2005 fekk museet også overta premiesamlinga etter spelemannen Anders Kjerland. Denne samlinga kan ein no sjå utstilt i Løflotstova.

Museet har og hand om trekkspelsamlinga etter Arnvin Lillegraven. Denne kan ein sjå på førespurnad.