Havaassamlinga

Den kjende botanikaren Johan Havaas si store samling er stilt ut i Granvin bygdemuseum. Havaas er internasjonalt kjend for banebrytande forsking på lav.

Johan Havaas (1864-1956) var fødd i Granvin der han verka som botanikar og gardbrukar. Han vart tidleg interessert i botanikk og spesialiserte seg på lågståande plantegrupper. Han samla inn og registerte store mengder mosar, lav og parasittsoppar.

Lengst nådde han som lavforskar, og det er som lichenolog han er mest kjent og internasjonalt berømt. Han skreiv fleire viktige arbeid om desse emna og han laga to såkalla eksikatverk. Det vil seie standard herbarium som er ein viktig reiskap for å standardisera artane.

Utanom samlinga på bygdatunet finn ein Havaas sine samlingar ved Universitetet i Bergen og Duke University North Carolina.

Flere bilder

  • Havaas-samlinga
  • Johan Havaas